Mainstream med nyreligiøsitet

Nyreligiøsitet er ikkje lenger noko sært i marginale motkulturar, men har sidan slutten av 1990-talet vorte ein ganske mainstream kulturstraum, seier religionsvitar.

Nyreligiøsitet er på mange måtar udefinerbart. “Ny” er jo ein relativ term, for alle religionar har vore nye ein gong, seier professor Siv Ellen Kraft ved Universitetet i Tromsø.

Ho har forska på temaet dei siste 10 åra, og står bak boka Hva er nyreligiøsitet?

– Men eg har valt å avgrense det nyreligiøse til å vera det uorganiserte feltet som rommar rørsler og straumdrag som kan karakteriserast som religiøse former, og som har vakse fram i den vestlege verda frå 1970-talet.

– Desse står utanfor organiserte kyrkjesamfunn, men frå å ha vore marginale motkulturar på 1970-talet, har det sidan slutten av 1990-talet vorte ein ganske mainstream kulturstraum, meiner Kraft.

– Det har eit breitt nedslagsfelt og er ikkje berre noko sært.

Her er resten av saken.


Postet

Kategoriene ,

Kommentarer

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *