
Det er lettare å stå opp mot religion enn nokon gong før. Og det er noko du kan gjere. No. Her.
(Først publisert i Aftenposten 23.3.16. Publisert med tillatelse fra forfatteren.)
Så har ei ny terrorhandling råka Vesten. Det er fælt. Like fælt som det er overalt. På alle kontinent og til alle tider. Vi er mest opptatt av det som er nærast oss her og no og det kan forklarast rasjonelt med ein haug av medieteoriar. Og lite overraskande trendar «pray for Brussels» på sosiale media. Men, sjølv om det heilt sikkert er godt meint, så er det alt anna enn rasjonelt. I beste fall betyr det ingenting. I beste fall verkar det mot si hensikt.
Be for Brussel? Religion er den viktigaste drivaren for at denne faenskapen skjer i det heile tatt.
Terror: den ytterste konsekvensen av religion
IS har tatt på seg ansvaret for terrorangrepa. Dei som står bak har etter trua sikra seg sjølv for evigheita. Jihad gir raskaste vegen til Paradis for dei ansvarlege. Trur dei. Trur.
For dei som er ekstreme nok, så er alle som ikkje delar religionen vantru. Og dei vantru er legitime mål. Også mor og to barn på veg til barnehagen som sprengjast i bitar på metroen. Ein ventande far. I bitar! Han ventar forgjeves og skal aldri få pusla saman familien sin. Livet sitt. Også pensjonisten på veg til varmare strøk og ledd som skal mjuknast. Vantru. Bort med han. Også studentane på veg til høgare utdanning og som går ut av tida før potensialet er utløyst.
Og så tenkjer du at eg er kategorisk og Islam-hatar. Nei, det er ikkje slik. Eg er kategorisk religions-skeptikar, fordi det som skjedde i dag er den yttarste konsekvensen av religion. Denne gongen er det islam som får det frå meg, fordi det skjedde no. Eg skriv dette i harnisk, og ville sikkert formulert meg litt annleis før angrepa. Eller i morgon. Men prinsippet står.
Andre religionar har fått dosa si tidlegare, også den eg var døypt inn i og melde meg ut av ved første høve. I dag har islamistar tent gnisten som Donald Trump allereie har brukt for å tenne si lunte. Også for han er religionen sprengkrafta. Andre med makt og avmakt vil kaste seg på. Det kjem til å smelle igjen. Med bomber og ord.
Denne gongen er det muslimar. Før var det kristne
For slik er det: Alle dei som ikkje trur på din Gud tek feil, og er dermed dårlegare menneske enn deg. Då er vegen kort til undertrykking av desse. Og drap. «Ja, men alle er ikkje slik». Nei, det er sant. Humanismetankegangen finn ein igjen i alle religionar. Det er det som foreinar religionane.
Men så er det forskjellen på skrift og praksis. Inhumanisme er det betre grobotn for i religion enn i noko anna drivkraft i menneska. Dei og oss. Dei andre. Dei vantru. Bort med dei.
Komikaren Ricky Gervais sa det godt: «Hugs, DIN Gud er ekte. Alle desse andre gudane er tullete påfunn. Men ikkje din. Din gud er ekte. Kven no den er.»
Legg igjen en kommentar